Informasjonsmøte for ConTeenNew 2021
Kva er ConTeenNew?
For konfirmanten
Ønskjer du bli betre kjend med Jesus? Har du lyst å forstå kvifor Gud skapte deg? Vil du læra meir om kven Den Heilage Ande er? Ønskjer du bevis for at Gud finnest? Og ikkje minst – ønskjer du at Jesus skal være Herre i livet ditt og fylgje Han? Gjennom ConTeenNew vil du kunne fortsetje di vandring med Jesus.
For føresette
ConTeenNew blir uttala som engelsk continue («fortsetjing» på norsk) og signaliserar at konfirmantane byggjer vidare på grunnmuren frå oppveksten. Dei skal få erfara at Guds ord er levande og verkekraftig. Dei blir betre kjent med og glad i Jesus, blir visse på at Guds nåde blir gitt på ny og på ny.
For forsamlinga
Konfirmantane i ConTeenNew vert oppfordra til å engasjere seg i si lokale forsamling / foreining. Og, som eit synleg teikn på støtte og velsigning, oppmodar me konfirmantane si lokale forsamling / foreining om å gje dei ein bibel til bruk både i konfirmasjonstida – og i livet med Jesus etterpå.
ConTeenNew består av…
Konfirmantsamlingar
Jesus er læremeister, me er læresveinane og bibelen er informasjonskjelda.
Turer
Saman reiser me på helgeturar og ein utfordrande misjonstur til utlandet.
Konfirmasjon
Konfirmasjonseremoni saman med familie og venner – og Jesus.

Ønskjer du å …
Melde konfirmant på ConTeenNew?
...eller har du nokre spørsmål?
Viktige datoar
Påmeldingsfrist
31.05.2020
Oppstart
02.09.2020
Avreise misjonstur
27.02.2021
Konfirmasjonsdag
24.04.2021
Vitnesbyrd
Uansett kva du har gjort, om du ber Han om tilgjeving vil Han tilgje deg. Dette gjeld uansett kva du har gjort og uansett kor mange gonger du har gjort det. Spør du, vil han tilgje deg!

Ikkje bekymre deg for morgondagen. Eg veit det er vanskeleg, men eg trur at den største planen Gud har for oss er at vi skal bli frelst. Det viktigaste er at du finn frelsa i Jesus Kristus.

Det er viktig å tenke litt sjølv om det ikkje er interessant heile tida. Utnytt den tida du har framføre deg og still spørsmål. Still spørsmål til andre om det du har på hjarta, men også til deg sjølv.

Ikkje la nokon spørsmål gå ubesvart. Du har mange menneske rundt deg i konfirmanttida som vil vise deg Jesus. Bruk denne muligheten, les i Bibelen, spør og undersøk.

Gå for det! Ver kul og stay awsome! Livet med Jesus er heilt fantastisk! Eg veit ikkje kva eg skal gjer utan han, for han er min bestevenn! Jesus er så kul!

Nyhende
Informasjonsmøte om konfirmasjon i IMS 2020/2021
Onsdag 22. april kl. 18.00 blir det informasjonsmøte om konfirmasjon i IMS. Grunnet situasjonen med korona blir møtet på facebook. Vi sender LIVE fra IMS Ungs facebookside. Dersom du ikke skulle ha mulighet til å følge sendingen live så blir den liggende ute så du kan se den i ettertid. Lurer du på noe? Kontakt […]
Informasjonsmøte om ConTeenNew 2018/2019
Det vert informasjonsmøte for foreldre, konfirmantar, forsamlingsleiarar og andre interesserte på Leirvik Bedehus tirsdag 10. april 2018 kl. 18:00. Der vil det bli gitt meir informasjon om konfirmantopplegget, presentasjon av leiarar, informasjon om undervisning, turar, prisar, sjølve konfirmasjonsdagen og andre ting. Det vil og vere anledning til å stille spørsmål. Du kan finne meir informasjon […]
Fem ungdom om livet med Jesus
Fem ungdom om livet med Jesus Av Camilla Kirkeli (19 år, Stord) Eg har høyrt at di tidlegare ein får høyre om Jesus, di større er sannsynet for at trua på Jesus veks og at Han blir med deg heile livet. Kva er grunnen til dette? Snart er eg vaksen sjølv og eg har tenkt […]
Har du spørsmål du ikkje finner svar på her på nettsida? Sjå gjerne facebooksida vår:
Om oss
Spørsmål og svar
Konfirmant-leiarane våre




