Nytt konfirmantopplegg i Sunnhordland

Posted on Posted in Uncategorized

Indremisjonssamskipnaden har motteke fleire behov om konfirmasjonsundervisning og etter grønt lys på IMS sitt årsmøte i sommar og vedtak i styret er det med stor glede me no kan tilby konfirmasjonsundervisning og konfirmasjon i IMS for dei som ynskjer det.

 

ConTeenNew – tre i én

ConTeenNew blir uttala som engelsk continue og tyder fortsetjing på norsk. Med det signaliserer ein at konfirmantane byggjer vidare på grunnmuren frå oppveksten i heim og forsamling. Tenåringane får erfara at Guds ord er levande og virkekraftig. Dei blir betre kjent med og glad i Jesus, og får vissheit i at Guds nåde blir gitt på ny og på ny.

 

Undervisning og turer

Det blir samlingar på Leirvik for at reiseveg skal være enklast for flest mogleg i Sunnhordland. Det vert undervisning, matøkt og sosialt samvær. Undervisninga er lagt opp i bolkar med ulike tema kvar fyrste onsdag i månaden. Det blir i tillegg to kjekke weekendar. Ein oppstartsweekend tidleg på hausten og ein på nyåret.

 

Bibelen i kvardagen

Som eit synleg teikn på støtte og velsigning oppmodar me konfirmantanes lokale forsamling / foreining om å gje dei ein bibel til bruk både i konfirmasjonstida og i livet med Jesus etterpå.

 

Engasjement

Konfirmantane vil få oppgåver med å engasjere seg i si lokale forsamling / foreining, der dei kan få oppgåver som hjelpeleiarar på ulikt vis. I tillegg vil dei og få vera med som leiarar på leir i regi av IMS.

 

Misjonstur – med store opplevingar

Det vert og vurdert tilbod om ein misjonstur. Kostnaden for denne vil kome i tillegg, men me vil arbeide for at kostnaden blir fornuftig. Turen vert truleg lagt til vinterferien. Destinasjon er ikkje bestemt, men me ser på spanande destinasjonar der ungdommane kan få opplevingar som set spor hos dei sjølve og hos menneskja dei møter.

 

Du finn meir informasjon på facebooksida www.facebook.com/conteennew

Har du spørsmål, kontakt ungdomssekretær i IMS Jakob Saghaug 93801236 eller jakob.saghaug@indremisjonen.no