Fem ungdom om livet med Jesus

Posted on Posted in Uncategorized

Fem ungdom om livet med Jesus

Av Camilla Kirkeli (19 år, Stord)

Eg har høyrt at di tidlegare ein får høyre om Jesus, di større er sannsynet for at trua på Jesus veks og at Han blir med deg heile livet. Kva er grunnen til dette? Snart er eg vaksen sjølv og eg har tenkt på det mang ein gong at dersom eg ikkje hadde fått høyre om Jesus frå mamma og pappa ville eg ikkje ha trudd på det no som eg er vaksen. Er det fordi at når ein blir vaksen er ein meir oppteken av fakta, det som kan bevisast, det som faktisk er mogeleg? Ja, det trur eg og eg trur også at dette har nær samanheng med det Jesus sa til læresveinane sine då dei prøvde å sende borna vekk.

Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.»

Så kvifor trur eigentleg eg på Jesus, kvifor har eg sett mi lit til han? Det kan nok vere mange grunnar og ulike ting som spelar inn, men ein ting er eg sikker på; Han er nær.

Då eg var ei lita jente, om lag midt i barneskulen, trengde eg litt tid for meg sjølv og eg gjekk bak skulen. Der hadde eg ein samtale med Jesus. Nei, den var ikkje med ord, men Jesus kan lese tankar. Eg fortalte til Jesus at eg så gjerne ville fortelje andre om Han, men at eg ofte var for redd, eg våga ikkje. Eg kjende Jesus si hand på skuldra mi og eg kan hugse at han sa: «Du skal få mot når du treng det Camilla». Og så var augneblinken over.

Ofte får vi høyre at ungdommane er den neste generasjonen, den vi skal bygge framtida på og vi håpar sjølvsagt at dei går i våre fotspor der vi har handla rett og at dei tar ein ny stig der vi har gått litt feil. Så då vil eg spørje: kva er den viktigaste reiskapen ein ungdom kan ha for å gå i den rette vegen? Nærleiken til Jesus, Han som er i går og i dag, ja den same til evig tid. (Hebr. 13:8) Han gjer aldri feil og han veit kva som er den rette stigen å gå på. Jesus har laga alt klart så vi kan få gå i ferdiglagde gjerningar. (Ef. 2:10) På bakgrunn av dette har eg spurt fem ungdommar om kvifor dei vel å tru på Jesus Kristus:

  • Kva er det du sit igjen med etter konfirmanttida? 
  • Kan du fortelja kva som gjorde at du tok standpunktet om å følgje Jesus?
  • Kva er ditt favorittbibelvers?
  • Kan du nemne ei glede eller ei utfordring med det å følgje Jesus? 
  • Kva tips har du til andre som skal konfirmere seg?
  • Kommer du til å ta Jesus med deg vidare på vegen? Kva er grunnen til det?

 

Sindre

Sindre (20 år, Fitjar)

Kva er det du sit igjen med etter konfirmanttida? 
Som ung lærte eg mykje og eg fekk små input gjennom konfirmanttida i Fitjar Kyrkje. Eg merka det nok ikkje så godt der og då. I konfirmanttida mi var eg med på konfirmasjonsleir og mange aktivitetar, det var veldig kjekt og eg fann ein glede i det.

Kan du fortelja kva som gjorde at du tok standpunktet om å følgje Jesus?
Eg har alltid vore ein kristen. Så eg veit ikkje kva tid eg tok standpunktet om å følgje Jesus, eg har eigentleg alltid vore bevisst.

Kva er ditt favorittbibelvers?
Det første bibelverset eg lærte utanåt var Johannes 3:16 og seinare også 17. Eg tenker at vers 17 utfyller vers 16, og saman skapar dei ein heilhet. Jesus kom ikkje til verda for å dømma ho, men for å frelsa ho.

Kan du nemne ei glede eller ei utfordring med det å følgje Jesus?
Ei utfordring med det å følgje Jesus er at du blir bevisst på synd og det kan tyngje ein ned. Men gleda då er at Jesus tilgjev deg uansett, og så finn eg stor glede i lovsong.

Kva tips har du til andre som skal konfirmere seg?
Uansett kva du har gjort, om du ber Han om tilgjeving vil Han tilgje deg. Dette gjeld uansett kva du har gjort og uansett kor mange gonger du har gjort det. Spør du, vil han tilgje deg. Synd er noko som skjer uansett om du vil eller ikkje, og det skjer gong på gong. MEN Jesus tilgjev deg!

Kommer du til å ta Jesus med deg vidare på vegen? Kva er grunnen til det?
JA! Eg klare ikkje å la ver å tru. Eigentleg føler eg ikkje at eg trur, men at eg veit! Ikkje har eg hatt store opplevingar som tungetale, eller opplevd helbredelse på nært hald, men eg har høyrt det og no klarer eg ikkje å la vere å tru.

Ragnhild

Ragnhild (18 år, Stord)

Kva er det du sit igjen med etter konfirmanttida?
Konfirmanttida i Stord Kyrkje gav meg mykje kunnskap og gode minner. Eg var med på TT-festivalen på Gjøvik, det var veldig kjekt. Etter konfirmanttida fekk eg eit mykje tryggare fundament, eg fekk feste fast trua eg hadde frå før.

Kan du fortelja kva som gjorde at du tok standpunktet om å følgje Jesus?
Eg kjem frå ein kristen heim, foreldra mine er kristne. Sjølv har eg også følgt Leirvik bedehus og leir. Alt frå tirsdagsklubb til Juniorving, frå fredagsklubb til UKS, eg har liksom gått heile løpet. Det dette har lært meg, er at trua er nødvendig for meg. På Påskefestivalen på Brandøy i 8. klasse tok eg mitt standpunkt. Der hadde eg mange fantastiske opplevingar og eg kan ikkje legge det frå meg. Då tenkte eg berre: «Wow, dette er mitt liv».

Kva er ditt favorittbibelvers?
Mitt favorittvers er Salme 32:8. Då eg var sju år var det einaste eg ønska meg ein Bibel. Etter at eg hadde fått den var det eit møte på bedehuset og ho som tala las opp dette verset og sa at dette var ein skatt i Bibelen. Så dette blei ein skatt for meg.

Kan du nemne ei glede eller ei utfordring med det å følgje Jesus?
Det som er ei glede, men som også kan vere ei utfordring er å gi full tillit til noko som elskar deg. Og det er det Jesus gjer, Han elskar oss med ein ubetinga kjærleik. Nettopp dette er vanskeleg å fatte.

Kva tips har du til andre som skal konfirmere seg?
Ikkje la nokon spørsmål gå ubesvart. Du har mange menneske rundt deg i konfirmanttida som vil vise deg Jesus. Bruk denne muligheten, les i Bibelen, spør og undersøk. Bruk denne konfirmasjonstida bra, bygg vennskap og ha det gøy!

Kommer du til å ta Jesus med deg vidare på vegen? Kva er grunnen til det?
JA! Med alt eg har opplevd, og med dei personlege erfaringane eg har, klarer eg ikkje å tru at det ikkje er sant.

Theodor

Theodor (18 år, Stord)

Kva er det du sit igjen med etter konfirmanttida? 
Eg konfirmerte meg i kristkyrkja. Det første eg sit igjen med er mykje kunnskap, eg lærte mykje som ikkje var sånn «Jesus gjekk på vatnet» - kunnskap, men kunnskap om korleis det er å vere ein kristen. Det var ein veldig vekstperiode for meg i tillegg til at eg fekk ha ein kjekke fest då det var ferdig!

Kan du fortelja kva som gjorde at du tok standpunktet om å følgje Jesus?
Eg har vore kristen heila livet. Foreldra mine er kristne. Eg tok vel standpunktet mitt då eg gjekk på ungdomsskulen og eg verkeleg såg at offeret som Jesus gjorde er stå stort. Dette er noko eg ikkje kan sjå vekk frå. Jesus har frelst meg av nåde, han har redda meg.

Kva er ditt favorittbibelvers?
Mitt favorittvers er Jesaja 45:2. Eller eigentleg 2-6. Eg fekk dette verset ein gong eg gjekk til forbønn og det traff meg.

Kan du nemne ei glede eller ei utfordring med det å følgje Jesus? 
Det å sette sin lit til Jesus, og at han alltid er der er ein stor glede for meg. Nei, det er eit privilegium.

Kva tips har du til andre som skal konfirmere seg?
Det er viktig å tenke litt sjølv om det ikkje er interessant heile tida. Utnytt den tida du har framføre deg og still spørsmål. Still spørsmål til andre om det du har på hjarta, men også til deg sjølv.

Kommer du til å ta Jesus med deg vidare på vegen? Kva er grunnen til det?
JA! Eg har bekrefta mitt forhold til Jesus i konfirmasjonen, og han har frelst meg ved nåde, han har redda meg. Mykje av grunnen til at eg vil ta Jesus med meg vidare er nettopp det.

Sigrid

Sigrid (18 år, Bømlo)

Kva er det du sit igjen med etter konfirmanttida? 
Etter konfirmanttida i Lykling Kyrkje, eller eigentleg rett før eg skulle konfirmere meg, fant eg ut at det var ein bekreftelse på dåpen, på at eg ville følgje Jesus. Sjølv om eg fekk lite ut av sjølve undervisninga då, var det eit bra fellesskap og det var kjekt å gjere noko i lag med andre. Det vart tydeleg for meg då eg konfirmerte meg at ikkje alle er kristne, ikkje alle trur på det eg trur på. Eg følte det som om at eg var den einaste som verkeleg ville dette og at dei andre var meir likegyldige.

Kan du fortelja kva som gjorde at du tok standpunktet om å følgje Jesus?
Eg har hatt ein kristen oppvekst med blant anna søndagsskule. Mamma lærte meg å be og slike ting, men pappa er ikkje kristen. Eg vil eigentleg seie at eg gradvis har kome til det standpunktet at eg vil følgje Jesus. Det var nok ikkje eit spesielt tidspunkt der eg tok det valet då eg har hatt trua heile livet. Eg ser på det som ein plante som begynner som eit frø og som veks til å bli ein stor plante. Kanskje eg heller vil seie at eg har tatt standpunktet om å fortsette å følgje Jesus.

Kva er ditt favorittbibelvers?
Mitt favorittvers er Salme 37:4-5. Versa seier eigentelg seg sjølv, men det handlar om å stola på at Han har kontroll og at då går det bra. Då meiner eg ikkje nødvendigvis at livet blir som ein dans på roser, men at vi uansett kan stola på Gud. Ting skjer som ikkje vi kan kontrollere, og eg trur ikkje at alt skjer av ein grunn, men eg trur at Gud kan gjere vonde situasjonar om til noko godt, tross dårlege tider.

Kan du nemne ei glede eller ei utfordring med det å følgje Jesus?
Ein glede som eg kjenner på at det er godt å kvila i hans løfter og at Han alltid har kontroll. Eg kjenner også på den gleda det gir meg å vete at Gud alltid er med meg. Spesielt i ein stressande kvardag kan eg kjenne på dette.

Kva tips har du til andre som skal konfirmere seg?
Prøv å finne kvila som Gud vil gi deg. Du kan finne den i Bibelen, i bønn og i lovsong og i fellesskap med andre. Ikkje bekymre deg for morgondagen. Eg veit det er vanskeleg, men eg trur at den største planen Gud har for oss er at vi skal bli frelst. Måten du kjem deg dit på er ikkje så nøye, det viktigaste er at du finn frelsa i Jesus Kristus.

Kommer du til å ta Jesus med deg vidare på vegen? Kva er grunnen til det?
JA! Jesus er ein del av meg og det bringer med seg løfter som eg kan få kvila i. Eg veit at eg har fått ein gåve som eg kan bruka til noko for å æra Han.

Jon Bruno

Jon Bruno (18 år, Stord)

Kva er det du sit igjen med etter konfirmanttida? 
Konfirmasjonstida var betydningsfull for meg, den sikra trua mi. Eg tok i mot Jesus rundt den tida og ville følgje han. Detta var eitt av dei tøffaste åra mine, men eg fekk mykje påfyll på konfirmasjonsamlingane i Nysæter kyrkje der eg konfirmerte meg.

Kan du fortelja kva som gjorde at du tok standpunktet om å følgje Jesus?
Det var i 5. klasse på eit møte. Atmosfære og miljøet var heilt annleis enn det eg var vand med. I møte med lovsong blei eg heilt hekta på Jesus, noko som blei eit uttrykk for det eg føler for Han. Men det å ta eit standpunkt var ein prosess.

Kva er ditt favorittbibelvers?
Mitt favorittvers står i Jesaja 43:1. Det forklarar heile historia, «eg har kalla deg ved namn, du er min» står det og det fortel så fint, me er hans barn og han kallar oss.

Kan du nemne ei glede eller ei utfordring med det å følgje Jesus?
Ei glede med å følgje Jesus er at alle dagane blir heilt unike. Me er på lag med Jesus og han svikter oss aldri. Du ser ting frå eit mykje større perspektiv. Ja, det er ubeskriveleg eigentleg.

Kva tips har du til andre som skal konfirmere seg?
Lurar du på om du skal tru på Jesus? Gå for det! Ver kul og stay awsome! Livet med Jesus er heilt fantastisk

Kommer du til å ta Jesus med deg vidare på vegen? Kva er grunnen til det?
JA! Eg veit ikkje kva eg skal gjer utan han, for han er min bestevenn og det er han som veit kva eg skal gjere når eg ikkje veit det. Jesus er så kul!

Det som slår meg etter å ha prata med desse fem er at alle har vakse opp med eit nært forhold til Jesus gjennom foreldra og at dei alle vil seie at dei har barnetrua med seg. Men det som fascinerer meg er at alle på ulike tidspunkt og på ulike måtar, på ein eller anna måte, har bestemt seg for å følgje Jesus. Sjølv om foreldra våre har lært oss om Han og kva Han har gjort for oss er det ikkje sjølvsagt at vi også vel å gå den vegen. Men som Sigrid sa: Guds største plan for oss er at vi skal bli frelst og vegen dit er ikkje så nøye!

 

Camilla Kirkeli (19 år, Stord)